star
star
star
star
star

Langs Lustrafjorden til Nyre

Turen går langs den gamle buførings- og slåttevegen frå Solvorn til Nyre. God sti i lett terreng langs Lustrafjorden med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile fjorden til Skjolden....

Praktisk info

Enjoy-kode: 833910
Ta av frå fv 55 til Solvorn. Parkering i Solvorn Sentrum.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen går langs den gamle buførings- og slåttevegen frå Solvorn til Nyre. God sti i lett terreng langs Lustrafjorden med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile fjorden til Skjolden. Høgdeskilnad: 20 m.

Denne turen går til dei veglause slåtteteigane på Nyre. Frå parkeringa følgjer du asfaltvegen i sørleg retning gjennom Solvorn sentrum. Ta av grusveg til venstre der asvfaltvegen svingar mot høgre. Etterkvart kjem du til den merka stien. Med unntak av ein bratt bakke etter ca 200 meter (Kleivabakken), går stien i lett terreng langs fjorden med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile Lusterfjorden til Skjolden. Stien har vore brukt i mange generasjoner til buføring av husdyr til utmarka og til slåtteteigane langs fjorden.

Stader langs vegen Hamnen: Ankringsplass og hamn sidan 1800 talet. I området rundt Hamnen har det vore i alt 8 husmannsplassar. Mosaviki. Fram til utpå 1970-talet stod her eit lite vassdrive sagbruk. Her var det og to husmannsplassar og frukthage. Artnes: Restar etter utgraven gravrøys. Her stod og i tidlegare tider ei notturke for brislingnot. Mellom Artnes og Djupeviki finn ein restar etter Solvorn skyttarlag si eldste skytebane. Nyre: Slåtteteigar i bruk fram til 1960-talet. Vidare utover langs fjorden og oppover i marka er det ei rekke gamle slåtteteigar. Desse var svært viktige for småbruka i Solvorn. Her var og fleire små frukthagar.