star
star
star
star
star

Langedal Sætelistøylen Langedalsstøylen Sætanestøylen. Rundtur

Frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæteli går du traktorvegen oppover. I krysset ca 800 m oppe i dalen tek du til høgre og fortset denne traktorvegen til endes. Etter at du...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 290126
Frå Langedal parkeringsplassen ovanfor Rv 5 mellom Langedal og Sæteli
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Voksne, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
6.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæteli går du traktorvegen oppover. I krysset ca 800 m oppe i dalen tek du til høgre og fortset denne traktorvegen til endes. Etter at du tek av frå traktorvegen tek du til høgre i første stidele, ved Litlevatnet. Du følger stien innover mot Litlevatnet og Litlevatnhytta. Dette er den nye støylen til Sætelia, men Sætelistøylen ligg lenger mot aust. Fortset forbi hytta og ned til Litlevasselva. Gå over Litlevasselva på bru omlag 100 meter nedanfor utløpet av Litlevatnet og gå på nordsida av Strupen.

Gå langs Strupeelva opp til støylen. Oppe på høgda følger du dalen innover til Sætelistøylen. Frå Sætelistøylen går du tilbake og når du er kjem til der du går nedatt bakken ved Strupeelva tar du vestover mot Langedalsstøylen. Det går eit tråkk utover og du følger denne legda. Etter ei stund ser du Langedalsstøylen. Frå Langedalsstøylen går du nedover/sørover til Sætanestøylen. Kryss over myra og du vil finne eit tråkk mot støylen i skogen. Ned frå Sætanestøylen går du mot Litlevatnet. Her kjem du inn på stien du gjekk opp og følger denne ned att til parkeringsplassen.