star
star
star
star
star

Langedal Endestadnipa - Fottur

Turen starter frå Langedal og følger traktorveg/stien som er merka oppover. Etter 500 m kjem du til skiltet som viser til Høgenipa. Følg traktorveg/stien vidare til du kjem inn på stien som kjem...
Foto: Siri Spjelkavik

Praktisk info

Enjoy-kode: 605840
Langedal parkeringsplassen ovanfor Rv 5 mellom Langedal og Sæterli
Type
Turer
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
5.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen starter frå Langedal og følger traktorveg/stien som er merka oppover. Etter 500 m kjem du til skiltet som viser til Høgenipa. Følg traktorveg/stien vidare til du kjem inn på stien som kjem frå Storebru/Endestad.

Stien fortsett forbi Velomstøylen oppover lia. Det er ikkje like bratt heile tida, men nokre kneiker innimellom dreg pulsen godt opp. Høgenipa 574 moh kjem til syne ei god stund før du er framme. Det er fin utsikt opp dalen, oppover mot Svarthumle og nedover mot Eikefjorden.

Du går innover og ned til Torsvatnet. I vestenden av Torsvatnet er det ei demning. Det vert fortalt at då dei opna demninga heldt det til tre dagars drift av kvenna nede på Endestad. Gå over elva og opp og innover ovafor vatnet. Ein må godt innover over halve vatnet før ein svingar opp og så ut ei skår. Ein fortsett vidare oppover før ein rundar utover fjellet mot varden. Ved å gå på kanten har ein utsikt til Gjengnen, Maritind, Plogen, Keipen, Blånipa og Midbønipa i nord. I aust ser ein Blånipa på Ramsdalsheia. I sør Bleja, Håsteinen og Vassetvatnet. Vestover ser ein øyane utanfor Florø. Helt ute på nipa er det laga ein liten varde og her ser du ned til Løkkebø og Storebru.

Når du går ned att kan du etter å ha passert Torsvatnet gå ned via Langedalstøylen Det er merka nedover til Langedal

Endestadnipa er 763 moh