Aktuelle alternativer
Detaljer
«Lady Windermeres vifte» av Oscar Wilde kom ut i 1892 og blei forfattarens første store suksess, og med god grunn. Komedien handlar om ei ung, nygift sosietetskvinne som får høyre frå fleire at mannen hennar har ein affære med ei mystisk, eldre og skandaløs kvinne. Derfrå blir publikum trekt inn ei verd full av staffasje, fordommar og hykleri. Framsyninga er ein sosial satire på, mellom anna, victoriatidas moraliserande syn på kvinner og seksualitet. Bak den smarte og morosame dialogen ligg det også eit alvor som beveger og er til ettertanke.
Billettprisar: Vaksne: 180 kroner Barn/student/honnør: 100 kroner BUL- medlem: 100 kroner
Lord Windermere: Endre Flatmo Lord Darlington: Fredrik Elfstrand Lord Augustus: Emil Bech Stenstad Lorton Dumby: Terje Svindseth Cecil Graham: Amalie Dalaker Hopper: Håvard Thorsby Lady Windermere: Heidrun Sølna Øverby Hertuginna av Berwick: Heidi G. Einarsrud Lady Agatha Carlisle: Lena Reksnes Sanne Lady Plymdale: Margrethe Kollerud Overskott Lady Jedburgh: Kari Aniksdal Fru Cowper-Cowper: Vivian Brattsti Sørensen Fru Erlynne: Mari Elise Haugen Rosalie: Tanja Stenberg