star
star
star
star
star

Kyststien Strandvegen

Strandvegen går langs kysten mellom dei to friluftsområda Mobergsvikjo og Smievågen. Skilt syner vegval undervegs. Turen startar vis-a-vis Os rådhus og går austover. Like før du går over brua mot...
Foto: Øyvind Gjerde

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 960725
Kjem du med bil, er det fleire parkeringsmoglegheiter i Os sentrum. Enkelte stader treng du ei parkeringsskive og den får du på rådhuset eller i butikkane på Osøyro. I helgene treng du ikkje parkeringsskive.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Strandvegen går langs kysten mellom dei to friluftsområda Mobergsvikjo og Smievågen. Skilt syner vegval undervegs. Turen startar vis-a-vis Os rådhus og går austover. Like før du går over brua mot Oselevarverkstaden heng det ei informasjonstavle som er nyttig å lesa på. Ta gjerne eit stopp på brua og sjå om du ser laks som ventar på å ta seg oppover vassdraget.

Kyststien følgjer smal bilveg og tursti via Oselvarverkstaden med museum, Lyngheimtunet, Solstrand Hotel & Bad og Moldegårdparken, før han ender opp ved friluftsområdet Smievågen. Kyststien har utsikt mot fjord og fjell, og du vil òg sjå glimt av Folgefonna. Turen er om lag 3,8 km lang.