star
star
star
star
star

Kysnes - Grønrimb

Skildring av tur Starten er 1,5 km oppover ein skogsveg. Turen går først på traktorveg ca 1,5 km. Traktorvegen er ikkje merka. Frå enden av traktorvegen går du vidare i god skogsti, men litt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 619628
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 10,1 km til Kysnesstranda. Ved hovudvegen og Øykhagen bustadfelt finn du infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida. Ta av her, på skogsbilveg. Har du bil er det avgift for å køyra denne vegen (kontant betaling). Etter ca 1,5 km er det ein krapp sving til høgre og god parkeringsplass til venstre. Parkering på eige ansvar. Her er det også skilta til Grønrimb.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
3.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Starten er 1,5 km oppover ein skogsveg. Turen går først på traktorveg ca 1,5 km. Traktorvegen er ikkje merka. Frå enden av traktorvegen går du vidare i god skogsti, men litt myrlendt. Etterkvart kjem du opp i skoggrensa og terrenget vert flatare. Du må over eit myrområde (Storemyr). Stien er merka rett over myra, men dersom du ikkje har vasstett skotøy kan det vera lurt å gå på høgre sida av myra. Du kjem snart til eit lite vatn, Vesla Raunlivatnet, og går langs vatnet til eit stikryss. (Her kan du gå ned til Grotnes.) Gå mot Grønrimb. Då kjem du ned til Stora Raunlivatnet, og det er ikkje langt att til stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er god på det meste av turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august. Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.