star
star
star
star
star

Kyrkjevegen Heradstveit - Vikøy

Folka på Heradstveit har alltid høyrt til Tørvikbygd skulekrins , men det underlege er at dei indre og ytre gardsbruka høyrde til kvar sitt Kyrkjesokn. Difor kyrkjevegen. Denne vegen har vore...
Foto: Torgeir Augestad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 507158
Med bil til Vikøy Kyrkje eller til Heradstveit.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
4.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Folka på Heradstveit har alltid høyrt til Tørvikbygd skulekrins , men det underlege er at dei indre og ytre gardsbruka høyrde til kvar sitt Kyrkjesokn. Difor kyrkjevegen.

Denne vegen har vore nytta i uminnelege tider. Ikkje berre til kyrkjegonge men i førmotorisert tid var vegen i dagleg bruk når folka på Heradstveit gjorde seg ærend til " det gamle Kvam ", som dei var sterkt knytt til.

Du vandrar på historisk grunn gjennom variert natur. Omlag halvvegs er det fine utsiktspunkt nordover mot Norheimsund, Øystese og innover Hardangerfjorden.

Ved Tjørnshaugtjørn kan du ta ein kvil før du går ned til Vikøy. Her står det bord og benker .

Om ein startar på Heradstveit er denne turen til Vikøy, veldig lett å gå.

Beskrivelse Kyrkjevegen .

Gradering: Blå

Lengde: 5,4 km på merka sti

Startpunkt og parkering: I Vikøy v/kyrkja, eller på enden av

Heradstveitvegen, Heradstveit.

Høgdeskilnad: 5moh – 360moh