star
star
star
star
star

Kyrkjenuten – Vedvikjo

Fjelltur med bading Me kjører til ca midt mellom Utbjoa og Innbjoa og parkerer på parkeringa til badeplassen Vedvikjo. Går så over vegen og opp traktorveg ved pumpestasjonen. Følgjer denne oppover...

Praktisk info

Enjoy-kode: 259802
Riksveg 543 til Vedvikjo på Bjoa.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Fjelltur med bading Me kjører til ca midt mellom Utbjoa og Innbjoa og parkerer på parkeringa til badeplassen Vedvikjo. Går så over vegen og opp traktorveg ved pumpestasjonen. Følgjer denne oppover ca 600 meter til me kjem til sti på høgreside av vegen med skilt til Kyrkjenuten. (På kartet står det Kyrkja). Her er det godt synleg sti gjennom granskogen. Me kjem til eit bratt parti som krev litt varsemd, før me er heilt oppe. Her er det gammal furuskog, med nokre fine tre, ja reint trolske. Kanskje til å klatra i for borna? Den heilt store utsikta har me ikkje på grunn av mykje tre, men imellom trestammene ser me aust mot Innbjoa og kyrkja, med Gråhorgjo til høgre i bakgrunnen. Borgundnuten og inn Skånevikfjorden ser me og så mot nord og nordaust. I vestre enden der stien går ned, ser me ned på Bjoaneset (kor kulturstien går) Ilholmane og Leirvik, Tittelsnes med Siggjo i bakgrunn. Det er bok til å skriva namnet i på toppen. For dei litt historieinteresserte kan ein ta til høgre når ein kjem tilbake ut av granskogen, og følgja skogsvegen ca 200 meter. Her kjem me til eit hellebrot med tydelege steinhaugar med avfall etter produksjonen. Her vart produsert takheller som vart frakta ned til Vedvikjo og skipa ut herfrå. Det er spor etter den gamle vegen til sjøen. Produksjonen tok slutt i byrjinga av førre hundreår. Om det er badetemperatur i vatnet er turen ned til Vedvikjo å anbefala. Fin sandstrand og fin plass å sole seg. I vestre enden inn i skogen er det ein «Kolerakyrkjegard» med nokre gravstøtter frå omkring hundreårsskiftet 1800-1900. Ein kan også prøva fiskelukka ute på neset om ein vil det.

Kjøretid frå Haugesund:vel 1 time.

Parkering: P-plass til badestrand.

Barnevennleg: Ja

Gangtid: ca 40 min. opp.

Fisking: I sjøen