star
star
star
star
star

Kvitsund til Løkvaet - Brokefjell

Brokefjell er eit av Kviteseid kommunes mest markerte fjell, der austre deler av det lågare områda ligg i Seljord kommune. Her finn ein den sagnomsuste Mannslagarhola, der den fredlause karen frå...
Foto: Roger Løfgren

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 467181
Parkering for privatbil i Kviteseid sentrum og ved Kvitsund gymnas. Parkering også ved Granlien.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
7.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Brokefjell er eit av Kviteseid kommunes mest markerte fjell, der austre deler av det lågare områda ligg i Seljord kommune. Her finn ein den sagnomsuste Mannslagarhola, der den fredlause karen frå Garvik fann gøymestaden sin etter å ha drepe ein annan kar i slagsmål. Staden har gjeve namn til Mannslagar nuten (1074 moh). Brokefjell høgste punkt med ein flott steinvarde.

Turen til Brokefjell kan ein starte på fleire stader. Enten i Kviteseidbyen eller ved P-plass ved Granlien. Ein kan også starte turen frå Kvitsund gymnas, der det er P-plass.

Turstiane møtast ved Løkvaet i Heivatnområdet, og går vidare som ein sti til toppen av Heststonuten (1044 moh). I finvær kan ein halde fram turen utetter det opne og vakre fjellplatået til Mannslagarnuten. Her er ikkje merka sti.

Turstinettet opnar også for kortare turar opp mot Heivatn, enten som varierte rundturar eller som fram og tilbake-turar.

Fyrste delar av turane opp frå bygda går på grusvegar, nokre strekningar er traktorvegar, men det meste av stinettet er på skogsstiar i terrenget. Spesielt stiane før ein kjem til Løkvaet går for ein del i relativt blaut myrterreng.

Stien frå Løkvaet og opp mot Heststonuten har jamn og tildels bratt stigning, særleg siste delen opp til toppen. Denne stien startar i skogsterreng, men går gradvis over i glissen heiskog, over fine svaberg og opp i opent fjellterreng. Her er det rødt piktogram.

Alle turstiane er rydda, og er merka og skilta etter DNT og Innovativ Fjellturisme sin standard. Heile stien er merka med rødt og raude T-er.

Turar: Kviteseid sentrum - Brokefjell 10,6 km ein veg. Rødt piktogram Granlien - Brokefjell 8,7 km ein veg. Rødt piktogram Kvitsund - Brokefjell 6,8 km ein veg. Rødt piktogram

Rundturar: Granlien-Løkvaet-Øvre Kleivstaul-Skilt 1-Granlien 10,6 km. Blått piktogram Granlien-Øvre Kleivstaul-Granlien 5,8 km. Blått piktogram Kvitsund-Løkvaet-Heivatn-Skilt 1-Kvitsund 10,2 km. Blått piktogram

Hvor lang tid man bruker avhenger av hvor man startar.

Den siste biten opp til Brokefjell er noe krevende.