star
star
star
star
star

Kvitsund - Heivatn - Øvre Kleivstaul - Kvitsund (rundtur)

For meir info sjå også Kvitsund til Brokefjell Dette er ei rundløype som startar ved Kvitsund kor det er parkeringsplass. Her er det også satt opp ei Infotavle som visar løypenettet opp til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 987518
Parkering på Kvitsund hvor det står ei Infotavle.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
10.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

For meir info sjå også Kvitsund til Brokefjell

Dette er ei rundløype som startar ved Kvitsund kor det er parkeringsplass. Her er det også satt opp ei Infotavle som visar løypenettet opp til Brokefjell og ned til Kvitsund.

På kartet er det utheva (feit skrift) kor det er satt opp skilt med Toppnavn.

Frå Kvitsund kryssar ein hovedvegen, og går på grusveg heilt opp til Øvre Kleivstaul. VedØvre Kleivstaulgår stien over på ein traktorveg vidare oppover. Ein kjem det att hit igjen.

Det er nokon avkjøringar på denne vegen, men følg den nesten til endes. Da tar ein av til venstre kor det er merka langs ein gamal sti. Ved Skilt 4 delar stien seg. Opp til høgre er til Brokefjell, men til venstre kjem ein til Heivatn. Etter ca 180m kjem ein til eit nytt stidele ved Løkvaet. Følg stien rett fram til Heivatn. Det er ein del bløte partier før ein kjem fram til Heivatn.

I området her er det fiskevatn, men det må løysast fiskekort. Ta stien som går til Granlien. Det er også nokre bløte partier her. Etter myrane og opp ein skråning, kjem ein ned på grusveg kor Skilt 2 står. Følg grusvegen ned mot Granlien til Skilt 1 kor det er stidele. Tak stien til Øvre Kleivstaul eller Kvitsund. Over dette høgdedraget er det fin utsikt. Hugs å let att grinda etter deg. Ved Øvre Kleivstaul følger ein grusvegen ned til Kvitsund igjen.

Dette er ein rundtur på ca 10,2 km. FråKvitsund og opp til Brokefjell er det ca 6,8km ein veg.