Kvitebjørn Kong Valemon / Thea Borring Lande

- Bli med på eventyr ! Kvitebjørn Kong Valemon er eit av dei kjære folkeeventyra våre, her fortalt på ein ny måte. I denne forteljarframsyninga inviterar skodespelar Thea Borring Lande til ei nær...
11.sept
-
kl 11:00

Detaljer

  • Bli med på eventyr !

Kvitebjørn Kong Valemon er eit av dei kjære folkeeventyra våre, her fortalt på ein ny måte. I denne forteljarframsyninga inviterar skodespelar Thea Borring Lande til ei nær og spannande reise for dei minste ungane, som sjølv får være med å hjelpe kongsdottera på reisa.

For det handlar om ei kongsdotter. I eventyret strekk ho seg ut frå si trygge sfære for å undersøke ein draum. I draumen - og eventyret - møter ho Kvitebjørn, men noko kjem heile tida i mellom dei. Kongsdottera kjempar med kløkt og klør og må ta i bruk alle sine evner.

I framsyninga får borna blandt anna lære ei reiseregle, som dei kan få være med på fleire gonger. Når anledningen byr seg får dei også hjelpe kongsdottera på ferda, gjennom enkle, morosame rørsler, eller gjennom fantasien.

Framsyninga varar ca. 30 minutter. Passar for born fra 3 år.

Av og med: Thea Borring Lande. Regikonsulent og rekvisitør: Anne Lande.

Praktisk info

Enjoy-kode: 296300
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo