star
star
star
star
star

Kviptefjell i Øvre Birtedalen

Birtedalen ligg på grensa mellom Fyresdal og Setesdal ca 600 m.o.h. Øvst i Birtedalen ligg Kvipt, ein gamal fjellgard med bygningsmiljø tilbake til tidleg på 1600-talet. Frå gardstunet går det...

Praktisk info

Enjoy-kode: 435787
Køyr til Birtedalen frå RV 355. Fylg skilting til Kvipt Gjestegard. Her er det bomkasse med betaling. Turen startar ved Kvipt Gjestegard.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
5 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Birtedalen ligg på grensa mellom Fyresdal og Setesdal ca 600 m.o.h. Øvst i Birtedalen ligg Kvipt, ein gamal fjellgard med bygningsmiljø tilbake til tidleg på 1600-talet. Frå gardstunet går det merka sti over Kviptefjell 903 m.o.h. Dette er ein flott rundtur med enorm utsikt. Er det åpent på Kvipt, bør du unne deg eit måltid. Dei har god rjomegraut og spekemat. Birtedalen har mykje vakker og særeigen natur og er eit eldorado for turar, sommar som vinter. Mange av turistforeininga sine hytter kan nåast frå Birtedalen. Fylg gamal tydeleg gangsti forbi garden, langs vatnet og opp Kvipteskar. På toppen av skardet gjeng ein til høgre ved skilt. På starten av rista på toppen, kan ein finne eit gamalt bjørnehi i ei fjellkløft. Langs gangstien på rista finn du boka/kassa som ligg på ein stor stein. Fylg stien vidare langs rista/ fjellryggen og gå ned mot Kvipt på andre sida. Hert er det ganske bratt nedover. Turen er like fin å gå begge vegar og er uansett ein flott rundtur med enorm utsikt. Det er merka ein tydeleg god sti heile vegen. Vinterstid er det flott å gå på ski opp på Kviptefjell frå Griddalen.