Aktuelle alternativer
Detaljer
I huset der Marit kjem frå, i Berjaflotvegen 9 i Odda, bur berre far hennar att, 86 år gamle Per Eikemo. Huset vart bygd av far hans, som døydde i ei fallulykke på femtitalet. Han etterlet seg då kone og fem søner. Den 14 år gamle Per var nøydd til å stå for inntektene til huset og blei ein farsfigur for dei fire yngre brørne. Ein tung arv forplanta seg nedover generasjonane. Alle prosjekta som brørne har halde gåande gjennom åra - bygging av båtar og bilar, amerikareiser, etablering av idrettslag, maratonløp, skihopping og bygging av ulovlege småhytter på vidda - har skjedd i skuggen ulykka. No er det stille i den fire etasjar høge generasjonsbustaden. Marit går gjennom etasjane og romma, og gjennom bilda ho ser, og gjenstandane ho plukkar opp, blir historiene frå huset vekt til live: frå hennar eigen oppvekst og tilbake til dei tidlege åra til foreldregenerasjonen. Marit har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.
No kjem Marit Eikemo til Dale og Forteljekunstakademiet for å fortelje meir om brødrene Eikemo og om korleis det har vore å skrive fram forteljingar om eiga slekt.
Det skjer i Løa i Jakob Sande-tunet torsdag 20.juni kl. 20.00.
Foto Agnete Brun//Samlaget