Kveldskonsert: Hitterdal

Visste du at Hitterdal er det gamle namnet på Heddal i Telemark? Foto: Andre Nesheim Tre av dei fremste hardingfelespelarane i landet har grave djupt i det hitterdalske musikkarkivet og pusta...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
15.Jul
2022
8:00pm

Detaljer

Visste du at Hitterdal er det gamle namnet på Heddal i Telemark?

Foto: Andre Nesheim

Tre av dei fremste hardingfelespelarane i landet har grave djupt i det hitterdalske musikkarkivet og pusta støv av daudt notepapir. Resultatet har blitt ein vakker flora av gamle og nye låttar, songar og slåttestev.

Ein trio av hardingfelespelarar finst det fleire av. Felles for alle er musikalske røter tilbake til den legendariske Hardingfeletrioen med Eivind Groven, Alfred Maurstad og Sigbjørn Bernhoft Osa på 30-talet. Lyden av tre hardingfeler saman kan låte ope og overtonerikt i det eine augeblikket, og som eit detaljrikt, stort orkester i det neste. På konsertane med Hitterdal får repertoaret av slåttar og visetonar ein smak av begge delar.

Til konsertane på Jørn Hilme-stemnet har Anne og Tuva fått med seg Valdres’ store son Sivert Holmen (som vikar for Johanne Flottorp.)

Billett til konsert med Hitterdal gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande: Anne Hytta, hardingfele Tuva Færden, hardingfele, song Sivert Holmen, hardingfele

Praktisk info

Enjoy-kode: 957508
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker