Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
Detaljer
Karl Ove Knausgård gav i fjor utMorgenstjernen, den første store romanen sidanMin kamp-serien. Handlinga er lagt til ein varm seinsommardag nokre år fram i tid. Ei ny stjerne kjem fram på himmelen. Gjennom ni ulike personar frå ulike generasjonar, saman og einsame på ulike stader i Noreg, skildrar forfattaren det magiske og ubegripelege.
Frå heimen sin i London blir Knausgård intervjua av Roland Gulliver, festivalsjef for Toronto International Festival of Authors. Med utgangspunkt i Morgenstjernen vil dei dykke ned i Knausgårds litterære univers; det kvardagslege og overnaturlege, det mystiske og enkle, det ubehagelege og vakre. Og kva er det med Bergen som evnar så godt å ramme inn ei apokalyptisk historie?
Intervjuet blir vist på storskjerm i Auditoriet.