star
star
star
star
star

Kvanndalseggja/Blåfjellet

Frå Stårheimssida vert dette fjellet kalla Blåfjellet, medan dei kallar det Kvanndalseggja i Kjølsdalen. Dersom du vel å gå turen frå Kjølsdalen, startar du på Navestøylen, p-plass ved gangbru over...
Foto: Ragna Flatla Haugland

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 517438
Køyr riksveg 15 til Kjølsdalen. Her køyrer ein på høgre side av elva opp gjennom bygda. Følg vegen vidare på grusveg. Følg skilting til naturmøteplassen. Ein parkerer på ei utkøyrsle på venstre side på Navestøylen.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Stårheimssida vert dette fjellet kalla Blåfjellet, medan dei kallar det Kvanndalseggja i Kjølsdalen. Dersom du vel å gå turen frå Kjølsdalen, startar du på Navestøylen, p-plass ved gangbru over elva/raud hytte. Ein går over ei lita bru. Her er det sti, som går over myrterreng, før den svingar oppover forbi ei raud hytte på Rindane. Hytta er godt synleg. Stien går vidare oppover ryggen til toppen. Du går i ope terrengheile vegen, og stien er god. Det er omlag 650 høgdemeter å gå. Turen tek ca. 2 timar ein veg. Ungar som skal gå turen bør nok vere i skulealder eller bruk god tid og bereikne ein heil dag. NB. Stispor i kartet fra Rindane er omtrentlig innteikna, ikkje gått opp med GPS.

Ein kan og gå frå Stårheimssida.