star
star
star
star
star

Kvamssetra utanfor

Stien til Kvamssetra utanfor snor seg oppgjennom fjellsida på nordsida av Kvamselva. Du finn startpunktet ved å ta til høgre rett etter brua. Stien er merka heilt fram til setervollen. Stien opp...

Praktisk info

Enjoy-kode: 382379
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
20 minutter
Lengde
1.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stien til Kvamssetra utanfor snor seg oppgjennom fjellsida på nordsida av Kvamselva. Du finn startpunktet ved å ta til høgre rett etter brua. Stien er merka heilt fram til setervollen. Stien opp til Kvamssetra utanfor er bratt, men fin å gå. I dei brattaste partia er det murt opp trapper og montert kjettingar for å gjere oppstiginga enklare. Selet på Kvamssetra utanfor høyrer til garden Utogned. Frå setrevollen kan du nyte utsikta over Oldedalen frå Melkevollsbreen i sør, til Sunde i nord.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.