Kva vil Putin med Russland?

Kva avgjer eigenleg russisk politikk, innanlands og utanlands?
Foto: Sandnes bibliotek
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Detaljer

I år 2000 tok Putin over eit samfunn i krise: Imperiet var borte, i økonomien herja mafiaen, politikarane stod hjelpelause på sidelinja, og folk flest lengta tilbake til sovjettida. I løpet av tida som president har Putin både rydda i samfunnet og samla svært mykje makt på sine hender. Russland har invadert og er i krig med Ukraina. Kva vil han med Russland, verdas største land som ligg i to verdsdela. - Kva avgjer eigenleg russisk politikk, innanlands og utanlands? Er hans utanrikspolitikk først og fremst eit svar på NATO – utvidinga austover? Eller prøver Putin verkeleg å gjenreise Russland som sentrum i eit nytt imperium? - Det store spørsmålet er kva denne konflikten eigentleg handlar om.

Erik Sølvberg er historikar, samfunnsvitar og tidlegare skolemann, bla. rektor ved Voss gymnas. Har også vore forleggjar og skrive ei rekkje fagbøker. Dei siste åra har han arbeidd mest med tema frå moderne historie og samtidshistorie, som ekstreme ideologiar, Putins Russland og demokratiet i dagens Europa.

Arrangementet er i samarbeid med Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) i Sandnes.

Praktisk info

Enjoy-kode: 179094
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..