Kurs i valdresspringar nybyrjar 2023

Instruktørar: Anne-Marit Røn og Ole Aastad Bråten Foto: Cathrine Dokken Valdresspringaren er kjend som ein frisk og kraftfull dans. Noko for deg? Eit kurs vil gje deg grunnlaget for det aller...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.jul
2023
kl 15:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 589176
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Instruktørar: Anne-Marit Røn og Ole Aastad Bråten

Foto: Cathrine Dokken

Valdresspringaren er kjend som ein frisk og kraftfull dans. Noko for deg? Eit kurs vil gje deg grunnlaget for det aller viktigaste, nemleg å danse på fest! På kurset får du inspirasjon til å lære grunnelementa i valdresspringaren, med vekt på takt og turar. Kurset er for alle som vil lære dei grunnleggande elementa i valdresspringaren. Du melder deg enkelt på via billettknappen på denne sida.

Ole Aastad Bråten er folkedansar og folkemusikar, har vunne A-klassen i springar og klassen for langeleik mange gonger. Han har undervist i valdresspringar fleire gonger – i Noreg og i utlandet. Anne-Marit Røn er òg ein av dei fremste folkedansarane i Valdres i dag. Ho har delteke på kappleikar, har dansar for turistar og undervist i springarsteg eit utal gonger.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
  • Spelemann: Jan Beitohaugen Granli

Kart