Kurs i munnharpe 2023

Instruktør: Kenneth Lien Foto: Cathrine Dokken Munnharpa, dette vesle instrumentet som du enkelt kan ta med deg på fest, har blitt svært så populært dei siste åra. Munnharpa har slektningar i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.jul
2023
kl 15:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 303475
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Instruktør: Kenneth Lien

Foto: Cathrine Dokken

Munnharpa, dette vesle instrumentet som du enkelt kan ta med deg på fest, har blitt svært så populært dei siste åra. Munnharpa har slektningar i heile verda. Under festivalen blir det også mogleg å lytte til dei fremste utøvarane, både på konsert og til dans. Interessert i å lære?

Kenneth Lien frå Lillehammer er ein av dei fremste yngre munnharpespelarane i dag. Han har vunne Landskappleiken, er med i folkemusikkgruppa Ævestaden – og er aktiv på dei fleste folkemusikkscener i landet. I tillegg til munnharpe spelar han lyre, langeleik og hardingfele. Kenneth Lien kjem til Jørn Hilme-stemnet for å lære bort spel og teknikk. Kanskje du blir biten av basillen?

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag

Kart