Aktuelle alternativer
Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Detaljer
Instruktør: Kari Steinsrud
Foto: Cathrine Dokken
I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake. Medan langeleiken tidlegare vart rekna som eit kvinne-instrument, ser vi i dag at han blir teken i bruk i stadig nye samanhengar, av musikarar frå ulike sjangrar som utfordrar både teknikk og spelestil. Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg! Kurset passar for alle som spelar eller har spelt langeleik, og som ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.
Kari Steinsrud byrja å spela langeleik i sjuårsalderen og har vore aktiv på kappleiksscena sidan ungdomsåra. I barneåra gjekk ho i lære hjå Ingrid Skattebu og fekk mykje av grunnopplæringa her. Sidan har ho snusa på langeleikspel frå andre delar av Valdres og frå andre kjelder. I 1995 gav ho ut plata Levande langeleik, saman med systrene Marit og Bjørg og dessutan Hegge-systrene Gunvor, Oddrun og Kari.
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
- Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
- Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag