Kurs i gamaldans og pols 2024

Instruktør: Martin Myhr Foto: Knut Utler Hugsar du dansen på lokalet? Eimen av kaffi og kringle, tonane frå ein toradar og praten rundt bordet. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
10.Jul
-
3:30pm

Praktisk info

Enjoy-kode: 979588
Type
Læring
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Instruktør: Martin Myhr

Foto: Knut Utler

Hugsar du dansen på lokalet? Eimen av kaffi og kringle, tonane frå ein toradar og praten rundt bordet. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske? Å danse gamaldans gjer godt for kroppen og sjela. Dessutan er det ein fin måte å skaffe seg nye vener på. På dette kurset vil du få ei innføring i gamaldans og pols. Sommarkveldane på Valdres folkemuseum vil gje deg gode moglegheiter til å danse deg gjennom festivalhelga, så dette kurset er den ultimate oppvarminga!

Kurshaldar er ingen ringare enn stordansaren Martin Myhr. Med stødig hand vil han leie dykk gjennom alt ein treng for å overleve på dansegolvet. Øyvind Sandum spelar opp, så då er både takt og tone sikra.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag

Kart