Kuratoromvising "Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar"

Kurator, Tor Martin Leknes, tek med 25 heldige på omvising i utstillinga "Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar".
Foto: Henning A. Hellebust

Detaljer

Som tittelen spelar på var Astrup så mykje meir enn berre ein nytenkande målar og grafikar, han hadde stor omtanke for naturen og eksperimenterte og jobba fram sin eigen sjølvbergingshage. Med hendene skapte han slik si verd, som i dag er mogeleg å oppleve i Astruptunet. Kunst, tradisjonshandverk, sjølvberging og gjenbruk smeltar saman til ei unik verd – husa og hagen var også verka hans.

Med utstillinga her på kunstmuseet i Førde ønskjer vi å vise fram nye sider av Astrup, og på omvising med kurator vil du mellom anna få eit innblikk i "den nye" Astrup – korleis han utvikla seg under siste delen av kunstnaskapen. Du vil også få høyre dei beste anekdotane frå målarskulen han starta i Førde, for lokale kunstnarspirer!

Kurator sit på enorm kunnskap om kunstnaren, verka og ideane bak utstillinga. Benytt sjansen til å få omvising rett frå "kilda". Tor Martin er ein ekte Astrup-nerd som kan svare på det meste du måtte lure på. Velkommen!

"Førstemann til mølla"-prinsippet gjeld. Ved stor interesse vert det eventuelt satt opp ei ekstra omvising denne dagen.

Praktisk info

Enjoy-kode: 863778
Du finn gratis parkeringsplassar nære museet. Rørslenedsatte kan køyre til inngangsdøra og spørre i resepsjonen om tilgang til parkeringskjelleren med heis inn til museet. Vi har heis og trinnfri ankomst til alle etasjar.
Type
Attraksjoner
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart