Kunsten å komme heim // Steinhuset på Myra i Vevring

- Dersom salongkultur og eleverte samtalar over ein iskald absint er livet for deg, vil truleg bygda bli ein stor skuffelse. For det er neimen ikkje sikkert du finn nokon her å diskutere Heidegger...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
10.jun
2023
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 913523
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

  • Dersom salongkultur og eleverte samtalar over ein iskald absint er livet for deg, vil truleg bygda bli ein stor skuffelse.

For det er neimen ikkje sikkert du finn nokon her å diskutere Heidegger med, om det skulle vere din store lidenskap (men det er som regel alltid eit par som lever som Wittgenstein).

Til gjengjeld vil du straks få hjelp om du treng nokon til å brøyte, naboar kjem på døra med sengemat dersom du har fødd, låner deg stillaset sitt og deler uoppfordra gamle stauder med deg.

Slik skriv Agnes Ravatn i kronikken «Det verste med å bu på bygda. Ein rural-pandemisk flyktningeguide.» - og ho veit kva ho snakkar om.

Forfattarane Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har til felles at dei har flytta heim, Agnes til Sveio og Ruth til Granvin. Korleis blir det å skrive og skape, derifrå?

Om kunsten å komme heim og evna til å lage verdas navle der ein er, kan folk i Vevring fortelje eitt og anna.

Vi gler oss til ein triveleg kulturkveld med høgtlesing, samtale og musikk når dei omtykte forfattarane kjem til steinhuset på Myra laurdag 10. juni. Ser ein nærare etter finst det meir å utforske i likskapane mellom dei to. Briljansen i èin sjanger, leiken med mange andre, til dømes. Kva meir?

Journalist og forfattar Kjersti Mjør leier samtalen mellom dei to heimkomne. Tonefylgje ved Annlaug Børsheim.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.