star
star
star
star
star

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.! Opp frå...

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 731592
Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom).
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
4 timer
Lengde
8.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.! Opp frå sentrum (Fossbergom) og til Skutlan er det i tillegg laga ein revidert versjon av den gamle kulturstigen. Her får du både ny kunnskap og morsomme tilleggsopplysningar i tillegg til utsikta.

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan følge stigen ned att mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs Fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.