star
star
star
star
star

Kulturstig Vatnet i Skjåk

Stigen startar ved hytta til Skjåk Almenning på Vikhø og går austover. Vikhøbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning. Langs stigen er det sett opp...

Praktisk info

Enjoy-kode: 945867
Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo, som er kommunesenter i Skjåk. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stigen startar ved hytta til Skjåk Almenning på Vikhø og går austover. Vikhøbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning. Langs stigen er det sett opp temaskilt som fortel om vassanlegg og vassveiter. Det er lett og fint terreng.

Flåtåtjønn er utgangspunktet for vatningssystema. For å få samla mest mogleg vatn, var det vanleg å byggje demningar. Det vart lagt ned eit stort arbeid i dette dersom dei skjønte at det kunne gje sikrare vatn lenger utover sumaren.

Sjølv om tjønna ligg høgt med lite nedslagsfelt, regnar det lett her. Fjellet stoppar regnet før det når fram til hovuddalføret. Ein ser ofte regnbyger inne på høene her, og da seier folk i Skjåk at ”dæ grin i høåm”.

Når det skulle gjerast større arbeid på veita og dammen, var det vanleg å byggje seg eit ”kryp-inn”, ei primitiv hytte, til å overnatte i. Flåtåtjønnbue er restaurert og i god stand.

Det var gardane Flåten og Jemnheim som fyrst av hadde rett til vatnet frå Flåtåtjønn. Ei mindre tjønn, Jemnheimstjønna, ligg inne på høgda nordvest for hytta. Vatnet frå desse to tjønnene vart teke saman i ei veit og så delt att nede i dalen ved gardane. Ved arv og handel har så vatnet frå her inne skifta eigarar mellom dei som kunne nytte det. I dag er det gardane Husom og Nordistu’n Kitilstad som har vassrettane herifrå.

Ta med deg fiskestong og prøv fisken på Flåtåtjønn. På attendeturen går du langs vassveita som gjev vatningsvatn til gardar i bygda. Ved Flåtåtjønn kan du ta av mot sør og følgje stignettet vidare til Bispberget, Forbergstjønn, Skamsarkampen og Einingstjønn. Du kan følgje stigen helt ned til Bismo eller gå via Bispberget til Bismo.