star
star
star
star
star

Kulturstig Uppnose elgfangstanlegg

Kulturstigen startar nokre meter aust for oppkøyringa til Uppnose bustadfelt. Stigen går i nesten rett line mot nord og inn i skogen mot Billingsdalen. Det er merka stig vidare ned mot Ottaelva, og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 381766
Køyr 2,2 km mot Sota frå Rv.15 ved Dønfoss i Skjåk. Parker ved oppkøyringa til Uppnose bustadfelt.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kulturstigen startar nokre meter aust for oppkøyringa til Uppnose bustadfelt. Stigen går i nesten rett line mot nord og inn i skogen mot Billingsdalen. Det er merka stig vidare ned mot Ottaelva, og attende til start.

Langs kulturstigen kan du sjå 10 fangstgroper på rekkje. På denne sida av elva Åstri, ligg eit enno større fangstanlegg med 22 groper.

Til samen meiner ein å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Gropene kan og ha vore nytta til fangst av hjort.

Fangsten må ha vore godt organisert, og har truleg sikra eit overskot av produkt som kunne nyttast i vareutveksling og byttehandel langt utover dei lokale forholda. Gevir, huder og skinn var eksportert eller bytta mot varer frå sørlegare strok.

Naturlege stengsler i kvar ende av anlegget gjorde at dyra ikkje kunne passere der. Eit ledegjerde mellom fangstgropene gjorde at dyra måtte trekke mellom desse og bidra og til eit effektivt fangstsystem.

Elgtrekket er i dag truleg slik som det var da gropene var i bruk. Elgen held til i heile den skogkledde delen av Skjåk kommune. Elgen trekker inn i fjelldalane når snøen forsvinn og trekker ut att når det er for mykje snø. Området har mest elg i perioden desember til mai.

Konstruksjon Gropene skulle vere djupe og tronge slik at elgen ikkje skulle kome seg opp att, og vart lett å drepe. Da grava vart bygd, vart lausmassar kasta frå gropa opp på sidene slik at det vart ein voll, og enda djupare grav. Heile gropa har sannsynleg vore kledd med tre innvendig, truleg i furu.

Alder Kolprøver som er teke frå ei grop er tidfesta ved C-14 metode. Dateringane syner at fangstanlegget kan ha vore i bruk over lang tid, eller i ulike tidsperiodar - frå jarnalder og mellomalder. Prøvene viste ulike tidsperiodar: 220-570 e.Kr. 1275-1410 e.Kr. og 1500-1655 e.Kr.

Elgstamma Elgstamma har veksla i forhold til naturtilhøva opp gjennom tidene. Ein meiner å ha belegg for å seie at 70 % av hjorteviltet passerer dette anlegget i løpet av eit år. Det kan passere opptil 25 elg på sume dagar. Dette er situasjonen i dag, og vi trur ikkje det er store variasjonar i høve til den tida anlegget var i bruk. Anlegget vitnar om gode kunnskapar om vanane til viltet med sesongtrekk mellom sumar og vinterbeite.

Skogbotn med reinlav er sårbar for ferdsel, så ver venleg å hald deg til stigen.