star
star
star
star
star

Kulturminnetur: Kjereide i Fjell

Kjereidvågen er ein kastevåg med rike tradisjonar. Stadnamnet fortel at det vart fiska med kjer. Eit slikt var bygt av smale stokkar i ein trekant, og var innretta slik at fisken kom seg inn, men...

Praktisk info

Enjoy-kode: 266486
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kjereidvågen er ein kastevåg med rike tradisjonar. Stadnamnet fortel at det vart fiska med kjer. Eit slikt var bygt av smale stokkar i ein trekant, og var innretta slik at fisken kom seg inn, men ikkje ut. Kjereidvågen har særleg vore brukt til makrellfiske gjennom åra, men også til sild og brisling. Skriftlege kjelder fortel at det vart eksportert fisk frå området alt på 1600-talet. Telavågsmannen hadde buene sine på vestsida av vågen, medan Kallestadmannen hadde to buer på austsida, ei notabu og ei bu til . opphalda seg i. Her står framleis fangstbuer og restar etter slike, og kastevågen er framleis i bruk.

Frå Kallestad grendahus går du bygdavegen i vestleg lei, før du tek til høgre inn på den gamle stølsvegen og gjennom Bøgardsgeilen som er bygd i stein. Stølsvegen går ned til eit kulturbeite, der det er tre gamle stølshus i ulik stand. Følg så høgdedraget sørvest for Stølstjørna i nordvestleg lei, om lag 200 meter, før du tek til høgre ned i eit trangt dalføre. Siste biten før skaret til Kjereidet, bør du ta ein avstikkar til høgre. Her finn du høgdedraget Seto, der fiskarane vakta makrellstimar på veg inn i kastevågen.

Fr. Seto går løypa ned eit skar, gjennom ei steinur, der det er tilrettelagt med trappetrinn. Trå varsamt! Vel nede, står du der elva frå Kørelen renn ut i sjøen.

Kanskje du kan skimta Køredlatrållet?