star
star
star
star
star

Kulturminnetur: Den gamle kyrkjevegen i Fjell

Den gamle kyrkjevegen mellom Fjell og Morland er nok i hovudsak nytta av folk som skulle til og frå Fjell kyrkje, men har sjølvsagt også vore nytta som skuleveg og til andre ærend mellom bygdene....
Foto: ukjent

Praktisk info

Enjoy-kode: 976431
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Den gamle kyrkjevegen mellom Fjell og Morland er nok i hovudsak nytta av folk som skulle til og frå Fjell kyrkje, men har sjølvsagt også vore nytta som skuleveg og til andre ærend mellom bygdene. På Fjell har det etter alt å døma vore kyrkjestad gjennom 700 år. Første gong Fjell kyrkje er nemnd er på 1300-talet. Fjell kyrkje av i dag er bygd i 1873-74, og kyrkja er freda.

Turvegen går nær fleire vatn i eit vakkert naturområde med lyng og fjellknausar. Mellom Fjell og Morland er det skogkledd mark og fint kulturlandskap med fl otte steingardar. Vegen, som i dag er ein populær tursti, har fleire hundre års historie kor folk i tidlegare tider har slitt i tresko og tunge kiper. Børane på ”Den gamle kyrkjevegen” har for nokon vore svært tunge. Bruk av robåtar på vannvegane i området, til transport av varer, husdyr og folk, har vore med på å lette desse tunge børane.

Parkering: Parkeringsplassen nedanfor Fjell kyrkje.