star
star
star
star
star

Krossen i Skjåk

Stigen startar ved nedkøyringa til Øygard skule. Gå opp skogsvegen mot nord. Du går 1,1 km og 3 svingar før du kjem opp på skogsvegen frå Skrinde. Følg Skrindvegen 300 meter mot nordvest, og gå til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 848747
Køyr Rv.15 3,1 km mot aust frå Bismo, kommunesenter i Skjåk. Ta av Fylkesveg 483. Køyr Fylkesvegen 3,7 km til Marlo og 4,4 km austover frå Marlo til nedkøyringa til Øygard. Parker langs Fylkesvegen eller ved nedkøyringa til Øygard. Pass på at du ikkje stenger for passering nedover til Øygard.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stigen startar ved nedkøyringa til Øygard skule. Gå opp skogsvegen mot nord. Du går 1,1 km og 3 svingar før du kjem opp på skogsvegen frå Skrinde. Følg Skrindvegen 300 meter mot nordvest, og gå til høgre opp den gamle seterstigen til Finndalen. Seterstigen er brei og fin å gå. Den kryssar ein skogsveg, før du kjem opp på Høyvelta omlag 100 meter ovanfor skogsvegen.

Viss du skal inn til Døktahytta under Hurrungen, kan du gå umerka stig på skogsvegen til venstre frå Høyvelta og etter ein sving vidare på stigen opp lia. Frå Høyvelta og inn til Døktahytta er det omlag 2,7 km.

Setereigarane i Finndalen nytta Høyvelta til å laste av høy frå setrene, for seinare å frakte høyet ned lia til gardane i Skjåk.

Seterstigen går vidare oppover i lettare terreng, forbi ein stor falt furu og over tregrensa til Krossen.

På Krossen har du framifrå utsikt nordover bygda. Frå Krossen går det god men umerka stig omlag 10 km over til Vangen setergrend i Finndalen.

Krossen er ein velkjend stad i Skjåk. Du bør opne Krossen og lese soga som er skriven inni.

Under kristninga av Noreg kom Heilag Olav frå Lesja til Krossen og sa: "Det er synd at så fager ei bygd skal brennast."