star
star
star
star
star

Kronfjell i Nissedal kommune

Kronfjell er eit fjellparti på vestre sida av innsjøen Nisser, der høgaste toppen er på 925 m.o.h. Frå toppen er det eit framifrå utsyn over størstedelen av Vest - Telemark og viddane ikring. Ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 121817
Frå Arendal køyrer du E-18 til Fianekrysset (Holt). Tak til venstre Fv. 415 mot Åmli og fylg Rv 41 vidare til du kjem til brua med lysregulering i Treungen. Tak til venstre i krysset før brua, mot Fjone. Hald fram etter denne vegen ca 10 km, fram til Ufshommen, like før Ovnen, der fjellet reiser seg rett opp frå vatnet. Ei informasjonstavle i vegkanten på venstre side syner kor turen startar
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
5.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kronfjell er eit fjellparti på vestre sida av innsjøen Nisser, der høgaste toppen er på 925 m.o.h. Frå toppen er det eit framifrå utsyn over størstedelen av Vest - Telemark og viddane ikring. Ein tur opp til denne toppen, vil berre gje meirsmak. Turen går i ope landskap når du først er komen opp lia og ein fin varde markerer toppen som ligg eit stykke inne på fjellet. Det går merka sti heile vegen.

TUREN: Fylg traktorvegen der han svingar seg i lia. Du går i skog her og kan skimte Nisser mellom trea under deg. Merkinga er blå malingflekkar, nokre forma som fotefar, nokre runde, men dei fleste firkanta. Vegen gjeng heilt innunder bratte fjellveggen. Det er Ufshomfjellet du ser, og du kan få sjå ørn som svevar over deg dersom du er heldig. Den merka stien gjeng inntil fjellet ein plass dei kallar Kjetona og vidare gjeng han gjennom Barlinddalen på øvre sida av Flostadsvåune. Du passerer ein vakker bekk som kryssar stien etter regnvêr. Snart er du uti i ope, flott fjellandskap. Medan du er på oversida av Flostadsvåune, kryssar du Flostadbekken. Framom deg ser du ei hytte som ligg fint til i lia. Der er ikkje andre hytter, å sjå på turen, berre vakker natur, små tjern og blankt fjell med lav og lyng, nokre fine dvergbjørk og meir og meir panorama. Utsynet er verdt turen og vert berre betre jo høgare du kjem! Like før hytta, gjer stien ein sving mot venstre ned gjennom eit holt og opp att i øvre del av Flostadsvåune. Etter kvart har du Høgefjellet til venstre for deg, du kjem høgare og høgare opp i lia og er snart på ein langstrakt åskam (917 moh) der du kan sjå vidt utover. Du er snart på toppen no og kan gå innover åskammen og feste blikket på toppar du får auge på mot vest og sør. Namn som Ånundsbuknatten, Ånundsbufjellet, Allambergnatten, Langfjell og Ervedalsfjellet høyrer til her, og lengst mot sør, like vest for Treungen ser du Skuggenatten. Om du snur deg og ser rett over Nisser, til fjella der, kan du sjå Hjasufsnatten som, saman med Skuggenatten, finst skriven om annan plass i denne boka. Men så er du endeleg på toppen! Tak god tid her. Sett deg ned innmed varden. Du må nyte synet og sjå deg ikring i alle himmelretningar! Dei vakre vatna mot nord er Ljosvatni. Skriv namnet ditt i boka som ligger inne i varden. Frå toppen kan du take same veg ned att, eller du kan fylgje stien ned nordsida av fjellpartiet Ovnen. Turen tar 2,5 timar opp og 1,5 time ned.

SÆRSKILT: Flostadsvåune er store reinskura "sva" som slyngjer seg nedetter. Slike sva er typiske for ranittområda i Telemark. Desse svåune vert somme gonger nytta som sykkelstiar om veret tillet det. Slikt fjell er som regel fast og hardt med liten rasfare. I regnvêr er dei derimot ofte skummelt glatte.

Ovnen: Ikkje langt frå der du sette bilen, berre litt vidare nordover, finn du Ovnen. Her er gamle hellemålingar frå steinalderen. Desse målingane utmerkar seg ved at dei er naturleg utfelte jarnoksydar. Figurane er laga ved at raudfargen rundt er hogd bort. Målingane viser enkle dyrefigurar og ornament. Nokre likar å kalle den eine figuren for "Den dansande mannen". Dette motivet har mellom anna keramikar John Skognes på Fjone teke opp i sin spesielle keramikk.

Kronfjell er óg flott vinterstid.