Aktuelle alternativer
Detaljer
Våren 2023 kom Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam ut med sitt første album "Summetonar" saman. Fellesprosjektet til desse tre karane var å laga eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå; den geografisk og musikalske fellesskapen. Musikken inneheld poetiske hyllester, via sjølvransakande erkjenningar til absurde forteljingar. Frå nærleik til fråvere. I det lokale søkjer dei det universelle, kjærleiken, lengten og livet.
- september kjem dei til oss på Radøy, på Samfunnshuset "Skogen" på Sletta.
I tillegg til konserten vert det open pub, og moglegheit for å ta seg ein svingom etter konserten.
Arrangementet er ved Radøy mållag og Samfunnshuset "Skogen" Sletta, og inngår som ein del av nynorskdagane i Alver kommune
Aldersgrense 18 år.
Billettpris 350,-
Sett av kvelden, og få deg ei fin konsertoppleving med kjente og kjære!