Konsert i samspel med ein sildrande bekk

På denne konserten vert du kjend med fokuskomponistane på årets festival Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen. Vi går saman til det vesle og lite kjende kapellet på Folkestad. Her får vi...
26.jun
-
kl 18:15

Detaljer

På denne konserten vert du kjend med fokuskomponistane på årets festival Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen. Vi går saman til det vesle og lite kjende kapellet på Folkestad. Her får vi konsertens fyrste musikalske innslag: verket "Pieces for violin" av Jan Erik Mikalsen. Det er eit solostykke for fiolin i to satsar som vert framført av Øyvind Robak. Frå kapellet går turen vidare til den gamle Læremiddelfabrikken. Her får vi eit gjenhøyr med verket "Det du ser" av Kristin Bolstad som vart urframført på tonehimmel i 2022, den gongen med kontratenor og elektronikk. Til årets festival har Bolstad laga ein ny og akustisk versjon av verket for fem damestemmer, og det vert framført av komponisten si eiga vokalgruppe Stemmeklang inne i fabrikken. ​Konserten vert avslutta utandørs med urframføring av verket tonehimmel har tinga av Therese Birkelund Ulvo til årets festival med den noko uvanlege besetninga fem damestemmer, blokkfløyte og ein sildrande bekk. Bekken si eiga stemme er ein del av komposisjonen, og bekken ein del av verket si besetning. Konsertvandring på Folkestad Onsdag 26. juni Konsertvandringa startar frå ferjekaia på Folkestad 18.15 (ferja går frå Volda 18.00) Rein vandringstid under konserten er totalt ca. 15 minutt

Praktisk info

Enjoy-kode: 621580
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Onsdag
26/06 2024 kl 18:15
Folkestad 4211 Dalsfjordvegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.