Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar - Jazz på Jølst 2021

Laurdag kl. 12.00 på Brunsj & Briller Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane Musikken er komponert av utøvarane og er basert på nynorske tekstar frå den illustrerte...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.okt
2021
kl 12:00

Detaljer

Laurdag kl. 12.00 på Brunsj & Briller

Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane

Musikken er komponert av utøvarane og er basert på nynorske tekstar frå den illustrerte diktboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, forfatta av Lisbeth Dreyer og illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta i Dreyer si bok er alle på rim, og fortel på artig og fagleg korrekt vis om livet i fjorden og i fjøresteinane. Dei fargerike tekstane og illustrasjonane har inspirert musikarane til mykje musikalsk fabulering med improvisasjon og leik som gjennomgåande element. Resultatet er både rytmiske og groovebaserte låtar og svevande lyriske stykkje - alt frå slentrande blues til stram tango og sullande voggesong.

Prosjektet er det fyrste dei tre utøvarane gjer saman, men dei har samarbeida ved fleire høve før, og er alle tre røynde jazzmusikarar med mykje erfaring i formidling av musikk til born og unge. Sidan 2019 har konsertversjonen av musikken vore spelt av trioen for over 2000 barn og var ein av produksjonane som var på programmet på årets Småspill– eitt nytt samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Festspillene i Bergen.

I juni 2021 vart musikken gitt ut på album og er tilgjengeleg både via spotify og i fysisk CD-fomat.

Lena Skjerdal - vokal

Knut Lothe - perkusjon

Erik Håkon Halvorsen - keyboard

Praktisk info

Enjoy-kode: 278275
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker