Kongerekka frå Giske

Arnesønene frå Giske har ein sentral plass i Snorre Sturlason si dramatiske forteljing om Heilag-Olav og fødselen av nasjonen Noreg. Dei fire brørne fekk styringa av Trøndelag og Nordvestlandet og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

01.jun
2024
kl 16:00

Detaljer

Arnesønene frå Giske har ein sentral plass i Snorre Sturlason si dramatiske forteljing om Heilag-Olav og fødselen av nasjonen Noreg. Dei fire brørne fekk styringa av Trøndelag og Nordvestlandet og var dessutan inngifte i dei mektigaste ættene på Vestlandet og i Nord-Noreg. Slik vart Giske eit maktsentrum i Kyst-Noreg. Tora Torbergsdotter frå Giske vart dronning og stam-mor til den norske kongsætta, noko som knyter Giske-ætta tett opp til styringa av Noreg i mellom-alderen. Så når vi tok kontakt med Are Sende Osen for å høyre om han kunne ha ei førestilling av Kongerekka, var det naturleg å då seie at vi vil ha vår eiga kongerekke. Han sa ja, med ein gong og han er begeistra. Når vi no spør kor det går med skrivinga, så seie han; " Giskeætta og Arnungane er blant dei viktigaste, mektigaste og mest interresante høvdingane i Noregshistoria. Her er det stoff nok til å lage 7 episke action-filmer – minst. Eg gler meg veldig til å kome til Giske 01. juni.". Og vi gler oss til å få "Kongerekka frå Giske" på sjølvaste Giske. Vi trur også at med å starte junimånaden med å få meir av historia frå Giske – og Norge, så vil dette forsterke opplevinga av Giskespelet, som startar 20. juni, med førestillingar 20. 22. og 23. juni. Håper å sjå deg også då. Foto krediterast: NRK/Martin Johan Eggen.

Praktisk info

Enjoy-kode: 256081
Type
Scene
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker