star
star
star
star
star

Koldal rundt

Lett nærmiljøtur, passar òg for barnevogn. Du går dels på gang og sykkelveg, dels på lite trafikkerte vegar i bustadområde og ved innmark. Turen går eit kort stykke på fylkesveg der ein må passa...
Foto: Fredrik Thorsen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 197966
Parkering på Leiro eller Neset. Alternativt ved idrettshallen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lett nærmiljøtur, passar òg for barnevogn. Du går dels på gang og sykkelveg, dels på lite trafikkerte vegar i bustadområde og ved innmark. Turen går eit kort stykke på fylkesveg der ein må passa seg for trafikken. Underlag er vekselvis grus og asfalt. Neset er det gamle sentrumet i Eikelandsosen. Det er ein gang- og sykkelveg frå Neset som går under fv 48 bort til gamlebrua. Her har du eit flott utsyn mot Koldalsfossen. Like etter brua tek du til høgre mot Koldal og kan følgja denne vegen heilt til du møter fv 48 ved Bruneset. Har du badetøyet med kan du ta deg ein dukkert i Koldalselva før du vandrar vidare. Frå toppen av bustadområdet Leitet på Eikeland har du flott utsyn over Eikelandsfjorden. Nede på Leiro bør du ta runden om strandpromenaden.