star
star
star
star
star

Klyvenuten

Turen startar i Klyve oppe på Skotet. Frå Skotet føl du stien opp til Rymbedal (Niste Klyvestølen). Dei fyrste par hundre meterane går du på ein litt gjengrodd traktorveg som sidan går over til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 805202
Fv.7 til avkøyring til Fykse/Klyve igjennom sentrum av Fykse og vidare på Klyvevegen til Klyve. Oppe i Klyve står det fyrst eit grønt tur-sti-start-skilt med "Klyve" på. Like etter ser du skilt med "Rymbedal". Følg den retninga skiltet viser igjennom nokre grinder, og etterkvart på Grusveg til Øvre Klyve. Passerer gardsbruk på venstre side. Like etter finn du starten på skogsvegen du skal fylgje, også skilta med Rymbedal. Parkering i området.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Varighet
6 timer
Lengde
6.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar i Klyve oppe på Skotet.

Frå Skotet føl du stien opp til Rymbedal (Niste Klyvestølen). Dei fyrste par hundre meterane går du på ein litt gjengrodd traktorveg som sidan går over til gamal stølsveg/sti som går bratt oppover Klyvelia. Stien er for det meste godt synleg.

Frå Rymbedal føl du vidare stien opp til Mødal (Øvste Klyvestølen). Frå Rymbedal går stien opp til venstre for selet.

Her ifrå er det ikkje noko klar god sti opp til Klyvenuten. Du startar med å gå ein sti bratt opp bak sela på stølen og går inn eit lite gjel i nordleg retning. Når du har kome opp av gjelet vender du mot vest og forset mot toppen på litt utydelig sti.

Sjølve varden og posten ligg ikkje på høgaste punktet, men litt frampå kanten med fantastisk utsikt over Fyksesundet og resten av verden.