star
star
star
star
star

Kleppevarden rundt

Parker ved Kleppe kyrkje eller Folkehøgskulen. Turen går gjennom dei vestre delane av Klepp og innom eit par av dei høgaste punkta i Klepp; Kleppevarden og Hålandsfjell. Namnet Klepp tyder ”haugar”...

Praktisk info

Enjoy-kode: 852199
Flere muligheter, men vi velger å starte ved Kleppe kirke (eventuellt Folkehøyskolen)
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
2 timer
Lengde
5.6 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Parker ved Kleppe kyrkje eller Folkehøgskulen. Turen går gjennom dei vestre delane av Klepp og innom eit par av dei høgaste punkta i Klepp; Kleppevarden og Hålandsfjell. Namnet Klepp tyder ”haugar” eller ”knausar”, nettopp frå høgdedraga ved Kleppe. Namnet er kjent alt frå tidleg 1000-tal på runestein funne i området. Tidleg på turen passerar du Bygdamusèet på Haugabakka. Dette er bygt som det fyrste skulehuset i Klepp i 1845. Seinare blei det bruk som kommunehus, og sidan 1954 som museum. Vest for dette ligg Knickebein som var fundament for ei tysk antennekonstruksjon frå krigstida. Ein kan sjå skinnegangen frå den mobile antenna. Områda vest for dette var minelagt under krigen. Frå dette området er det god utsikt mot Revtangen og skipsleia forbi Kleppkysten. Turen går vidare gjennom bustadområde og kulturlandskap til du kjem til Skjelbreidskogen. På turen gjennom skogen passerer du Revsteinen. Du klyver over gjerdeklyvaren og kjem inn i beiteområdet på Håland. Her er tradisjonell beitemark, og er du heldig ser du solblomen lyser mot deg eller høyrer vipa som vaktar området sitt. På toppen kjem du til Hålandsfjell og kan studera det flate jærlandskapet gjennom den fastmonterte kikkerten. Herfrå går turen på turveg inn til Kleppe og gjennom bustadområdet opp til Kleppevarden. På toppen er det reist eit monument som 1000-års minne. Frå toppen kan du i klårver sjå det meste av Klepp kommune.