star
star
star
star
star

Klauva via Strandstøylen

Med berre sine 847 moh er likevel Klauva ein markant topp langs Jølstravatnet. Fjellet er godt synleg frå både Skei og Vassenden. Denne ruta startar ved austlegaste garden på Strand. Du startar på...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 599763
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Turstart rett etter austlegaste garden på Strand .
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Med berre sine 847 moh er likevel Klauva ein markant topp langs Jølstravatnet. Fjellet er godt synleg frå både Skei og Vassenden. Denne ruta startar ved austlegaste garden på Strand. Du startar på traktorveg som går i bratt terreng heilt opp til Strandstøylen på ca 600 moh. Traktorvegen er eigna for sykkel. Frå støylen går du på sti i noko myrlendt terreng. Etter å ha tatt første høgdene frå støylen kjem du opp på ei flate der du blant anna går forbi ein enorm steinblokk som vert kalla "Jakobssteinen". Det er rydda skog rundt denne slik at steinen er godt synleg frå gardane på Strand.

Stien går vidare i noko flatt terreng, før du så byrjar å ta siste stigninga opp mot toppen. Her vert terrenget tørt og fint å gå i. På veg mot toppen får du flott utsikt mot Ålhus, Nonsnipa og Vassenden i vest. På toppen flatar terrenget ut, og du må gå litt i flatt terreng før du kjem til utsiktspunktet der du ser ned i Sandalen under deg, og "heile" Jølstravatnet inn mot Skei.

Det er bok som ligg i ein boks i ei postkasse på toppen av Klauva!

Opp til støylen: ca 30-45 minuttar. Gradert som enkel tur. Frå Jølstravatnet og opp til Klauva: ca 1 t - 1,5 time. Gradert som middels tur.