star
star
star
star
star

Klauva via Årnesstøylen

Dersom du synes det er OK å gå på stiar som er gjenngrodd, og har sansen for små kvardagslige ekspedisjonar, er denne ruta midt i blinken for deg! Dette er ein gamal sti som nesten ingen brukar...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 736744
Fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Like før oppkøyringa til sandalen på vestlegaste side startar turen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dersom du synes det er OK å gå på stiar som er gjenngrodd, og har sansen for små kvardagslige ekspedisjonar, er denne ruta midt i blinken for deg! Dette er ein gamal sti som nesten ingen brukar lenger. På delar av vegen opp kan det derfor vere vanskeleg å sjå stien. Sporadisk er det nokre raude merke etter ein fjelltrim å sjå.

Turstart ved Jølstravatnet på temmelig gjennomgridd skogsveg. Til tider er det vanskeleg å sjå at det er skogsveg du går på. Vidare går du i granskog, der du får oppleve korleis granfelt har tatt over store delar av ei vestlandsk fjellside. På Årnesstøylen får du sjå korleis grana har stjelt all utsikt frå ein støylsplass.

Heldigvis så får du godt betalt med ei fantastisk utsikt rett ovanfor støylen. Frå her, og heilt opp til toppen, har du nydeleg utsikt over Jølstravatnet og fjella kringom. Du ser også mot Ålhus, Sandalen, Myklebust og mot Skei. Terrenget du går i etter støylen er myrlendt og noko bratt. Det kan vere noko bløtt etter regnperiodar.

Turen opp tek kring 1-1,5 time. Du kan lage ein fin rundtur ved å gå ned att til Strandstøylen og Strand. Sjå lenke til denne turen.