Kjærleiken er

Klaus Vatne framfører eigne tonesetjingar av tekstar frå diktsamlinga «Songar» av Jon Fosse. Med seg på scena har han gitaristen Viggo Krüger. Artisten Klaus Vatne frå Bergen har tonesett tekstar...
10.mai
-
kl 21:00

Detaljer

Klaus Vatne framfører eigne tonesetjingar av tekstar frå diktsamlinga «Songar» av Jon Fosse. Med seg på scena har han gitaristen Viggo Krüger.

Artisten Klaus Vatne frå Bergen har tonesett tekstar frå diktsamlinga "Songar" og framført desse jamleg sidan 2011 på litteraturfestivalar, bibliotek og by-scener. Melodiane hans fell inn under ulike sjangrar, slik som vise, pop, country og rock, og dei når eit breitt publikum.

«Songar» er vakre tekstar om livet, med eit enkelt språk og ein rik biletbruk, som eg trur treffer alle. Tematikken spenner om kjærleik, von, sorg, lengsle, redsle og så mykje meir. Det er særskilt stemninga i tekstane som eg har late meg inspirere av når eg laga musikken, og i nokre av tekstane er det ei slags «heilag einsemd» som treffer meg. Eg vonar musikken i nokon grad kan spegle og lyfte fram teksten, i så fall skal eg jo vere særs nøgd. Klaus Vatne

Vatne har med seg Viggo Krüger, musikar og musikkterapeut frå Bergen. Han er mest kjend som gitarist i bandet Pogo Pops frå perioden 1987 til 1996. Bandet tok opp igjen samarbeidet i 2006 og heldt på fram til 2022.

Victor

Klaus Vatne har tidlegare vitja Litteratursymposiet i Odda, og hatt turnéar i Hardanger og elles i Hordaland. I 2024 skal han på turné i Sogn og Fjordane, og han vert gjest på GodNatt Oslo Litteraturfestival i april.

Arr: Fosse-stiftinga, Folkeakademiet Kvam og Kvam Mållag. Folkeakademiet og Kvam herad støttar arrangementet økonomisk.

Praktisk info

Enjoy-kode: 253979
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo