KJÆRE G-d/ Enkeltmannsforetaket

- Konfrontasjon frå skjærselden ! Framsyninga KJære G-d av Enkeltmannsforetaket handlar om eit menneske i sterk søken. På scena: Eit Eg vender seg i bønn til Gud, eit Du. Eg-personen står i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

11.sept
2021
kl 18:00

Detaljer

  • Konfrontasjon frå skjærselden !

Framsyninga KJære G-d av Enkeltmannsforetaket handlar om eit menneske i sterk søken.

På scena: Eit Eg vender seg i bønn til Gud, eit Du. Eg-personen står i skjeringspunktet, eller i skjærselden om du vil, mellom eit religiøst og eit sekulært verdsbilete, mellom tvil og tru, heilag overtyding og radikal nihilisme, ytre høgre og ytre venstre, mellom det ein kan og ikkje kan forstå, det eviggyldige og det dagsaktuelle, og mellom eit ynskje om å bevare det beståande og å rive ned absolutt alt.

KJære G-d er ei monologframsyning som ynskjer å utforske våre førestillingar om kven vi er, kvar vi kjem frå og om den ytste røynda. Publikum vert mellom anna presentert for bibelhistorie, teologi, evolusjonsteori og leiande teoriar om religionane sine opphav.

Bak Enkeltmannsforetaket står scenekustnar Ole Mads Vevle. Ein sentral performancekunstnar på 2000-talet, som markerte seg nasjonalt og internasjonalt. Etter eit kunstnarleg fråvær på over ti år, gjorde han comeback i 2020 med monologframsyninga ka?TARSIS!. I tillegg til kunstfagleg utdanning har han ein bachelorgrad i litteraturvitskap og ein mastergrad i religionshistorie.

Framsyninga er støtta av Dramatikkens Hus, Norsk Kulturråd og Bergesenstiftelsen, Bergen Kommune og Fritt ord. Lokal produksjon er støtta av Preform og Jakob Sande- senter for forteljekunst.

Praktisk info

Enjoy-kode: 804594
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker