Aktuelle alternativer
Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Detaljer
«Kjære alle saman» med Frode Grytten
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar over heile landet. 17. mai-pynta ungdomshus, pressekonferansar, politiske landsmøte og gløymde talarstolar. Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta og skrive dikt og prosa, som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Kanskje vil han også refse og kommentere den norske litteraturbransjen?
«Huntstunt» med Ingrid Storholmen
Med boka Bloddråpetall gir Ingrid Storholmen liv til menneske og samfunn bak tala i helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Storholmen og skodespelar Øystein Kanestrøm isceneset tekster frå den kritikarroste boka.
Programserien «Sa ka la» frå Litteraturhuset i Bergen
«Sa ka la», sa Jon Fosse då han i 2004 skulle namngi det nye teaterstykke sitt om kva som skjer når menneske mistar språket sitt. I Litteraturhusets månadlege serie Sa ka la tar Mats Tønjum Alfsen med seg lokale forfatterspirer for å lese egen poesi og prosa. Hver kveld kommer også en æresgjest, en mer etablert bergensar eller Bergen-beboer. Med denne programserien trekt til seg eit stort og nytt litteraturinteresserte publikum i Bergen. Vi får ein special edition av «Sa ka la» med opplesingar frå byens unge upubliserte.
Vi gjør oppmerksom at det er et stående arrangement uten sittestoler