star
star
star
star
star

Kinsarvik - Husedalen - Stavali Turisthytte - Lofthus

Ein fantastisk rundtur i vakre omgjevnader, opp den verdenskjente Husedalen med sine spektakulære fossefall, den finaste vegen inn/ut av Hardangervidda, og ned dei kjente Munketrappene til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 101431
Køyr bil eller ta buss til Kinsarvik i Hardanger. Parker evnt ved Mikkelparken,Kyrkja eller ved Kommunehuset og følg stien oppover langs elva eller køyr heilt opp til Kraftstasjonen. Viss mulig kan det være lurt og ha bil i begge endar viss ikkje kan ein kan evnt ta taxi frå Lofthus til Kinsarvik (ca 1 mil) eller buss.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
120 timer
Lengde
37.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein fantastisk rundtur i vakre omgjevnader, opp den verdenskjente Husedalen med sine spektakulære fossefall, den finaste vegen inn/ut av Hardangervidda, og ned dei kjente Munketrappene til fruktbygda Lofthus.

Ein kan gå frå sentrum i Kinsarvik eller ein kan køyre bil inn til Kraftstasjonen. Velger ein å gå frå sentrum tar ein opp vegen til Huse ved brua, ein kan evnt. parkere ved Mikkelparken, Kyrkja eller ved Kommunehuset. Turstien " Fossastien" startar på høgre side av vegen når ein kjem opp frå sentrum og går langs elva oppover til ein kjem ut på vegen igjen eit godt stykke oppe. Derfrå fylgjer ein grusvegen videre innover til Kraftstajonen. Frå Kraftstasjonen kan ein fylgje grusvegen heilt opp til Nykkjesøy, men eg vil anbefale å gå på T-merka sti langs elva oppover for å få best mulig utbytte av den vakre naturen og de mektige fossane. Allereie ved Kraftstasjonen får ein oppleve fossane på nært hold. Den fyrste av de fire fossane heiter Tveitafossen, derfrå fylgjer ein røyrgata oppover til dammen, vidare går ein oppover mot Nyastølsfossen og Nykkjesøy. Derfrå tar ein seg opp stien forbi Nykkjesøyfossen og opp til Fjaoene. Her startar den mest krevjande delen av turen, nemlig Reinsbrekkene. Her går ein på bratte svaberg og har god utsikt mot den fjerde og etter min meining den finaste fossen, Søtefossen. Når ein kjem opp Reinsbrekkene fylgjer ein Vierdalen opp til Kjerring. Derfrå ned i Botnane og rundt Randinuten inn til Stavali Turisthytte. På Stavali Turisthytte er det i sesongen juli/august vertskap. Familien Hauge serverer både rømmegraut, spekemat og frukost. Her er også servering av øl og vin samt en herlig badestamp for ømme musklar. Anbefaler og overnatte her og gjerne ta ein ekstra overnatting om ein vil prøve fiskelukka i eit av dei mange gode fiskevatna rund Stavali eller besøkje ein topp. Vidare går turen ned til Lofthus, den lengste etappen på turen. Ein går opp frå Stavali og følgjer skilt mot Lofthus, forbi Lonavatnet og over Lonaskardet, over den gamle steinbrua Breiåna og ned til Fodnastøl. Vidare til Kinsekvelv og opp til Grubbeskard, følg den T-merka stien videre mot Munketreppene og ned til Lofthus. Eg vil anbefale og gå ut på utkikkspunktet på Hovden på veg ned til Lofthus.

Turen kan absolutt passe for born i skulealder, dei bør være vant til og gå i fjellet. Dag 1: Turen frå sentrum i Kinsarvik til Stavali tek ca 6 - 7 timar. Dag 2: Turen frå Stavali til Lofthus tek ca 7 - 8 timar.