Kinnaspelet lørdag 17. juni 1630

VELKOMMEN TIL TEATERET VED HAVET! Ope hav og høg himmel, Kinnaklova og ei gammal steinkyrkje møter deg når du kjem til Kinn. Teaterstykket «Songen ved det store djup» handlar om då danskekongen sin...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.jun
2023
kl 16:30

Detaljer

VELKOMMEN TIL TEATERET VED HAVET! Ope hav og høg himmel, Kinnaklova og ei gammal steinkyrkje møter deg når du kjem til Kinn. Teaterstykket «Songen ved det store djup» handlar om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537, og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen eig no alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket er i gang med feiringa av Seljumannamesse, men når futen kjem går alt i stå. Dei har budd seg på å framføre sitt «lille kirkespill», og publikum får no bli med tilbake til 900-talet. Vi blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva frå Irland rømmer frå vikingkongen Ramn. Med følgjet sitt legg ho ut på havet og let vind og havstraumar råde. Båtane kjem frå kvarandre, og båten med søstera, Borni, driv i land på Kinn. Etter legenda er det ho som då fekk bygd kyrkja her. Orkester, kor og skodespelarar, profesjonelle og amatørar, fortel denne historia. Med storhavet, Kinnakyrkja og Kinnaklova som scenebilde blir dette ei unik oppleving.

Kinnaspelet vert arrangert på øya Kinn. Vi bed om at de møter på kaia i Florø i god tid og seinast 2 timar før framsyninga du har valgt. Båtane tek til å gå klokka 0900 kvar dag og går etterkvart som dei vert fylt opp av publikum på veg ut til øya. Frå kaia på Kinn og til speleplassen ved kyrkja er det om lag 15 å gå. Spelet vert framført ute og det er viktig å ha med varme og vindtette klede.

Praktisk info

Enjoy-kode: 812436
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker