Tengerton

Tengerton Tengerton er eit nysamansett og ferskt mongolsk band som tek opp arven etter legendariske Egschiglen (Førdefestivalen 2009), som gav seg i 2022. Den nye strengekvartetten byggjer musikken...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
07.jul
2023
kl 12:30

Detaljer

Tengerton Tengerton er eit nysamansett og ferskt mongolsk band som tek opp arven etter legendariske Egschiglen (Førdefestivalen 2009), som gav seg i 2022. Den nye strengekvartetten byggjer musikken sin på dei to ikoniske elementa i mongolsk musikk: hestehovudfele (Moriin Khuur) og strupesong. I eigne arrangement formidlar dei rike mongolske tradisjonar i eit moderne og lett musikkspråk.

Tengerton er eit inspirerande og friskt møte mellom to erfarne meisterar, Uugan og Nasaa, med fleire tiår lange internasjonale karrierar, og Yesuu og Dalai, som kombinerer solid akademisk bakgrunn og folkemusikkbakgrunn med ungdommeleg energi og kreativitet. Dei improviserer og brukar både gamle tradisjonsinstrument og instrument dei har modifisert eller bygd sjølv. Saman skaper dei musikk som er både tradisjonell og utradisjonell.

Dei fire musikarane bur i Europa, men musikken og inspirasjonen hentar dei frå dei endelause mongolske steppene. Tengerton tek deg med til heimlandet og den karakteristiske topografien. Dei spelar ikkje berre musikk for musikken sin del, men formidlar også ein grunnleggande respekt for naturen og eit brennande ønskje om å skape fred og ta vare på jorda.

Uuganbaatar Tsend-Ochir – Ih Khuur fele, Tovshuur lutt

Nasanjargal Ganbold – Moriin Khuur fele, Bishguur obo, Tovshuur lutt, Khöömii og Khakhiraa strupesong

Yesun-Erdene Bat – Moriin Khuur fele, Hel Khuur munnharpe, Khöömii strupesong

Dalaijargal Daansuren – Moriin Khuur fele, Khöömii strupesong

Praktisk info

Enjoy-kode: 310310
Type
Sportsarrangement
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker