star
star
star
star
star

Kåtanuten (534 moh.) - Oversikt over Ølen

Kåtanutener ein av mange populære fjelltoppar å gå tur til i Ølen kommune. Kåtanuten er 534 m høg og kan nåast frå fleire utgangspunkt. Felles for alle stigane mot nuten er at dei stig relativt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 192711
Følger riksveg 543 fra Ølensvåg mot Bjoa og kjører ca 2,5 km til Lunde.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kåtanutener ein av mange populære fjelltoppar å gå tur til i Ølen kommune. Kåtanuten er 534 m høg og kan nåast frå fleire utgangspunkt.

Felles for alle stigane mot nuten er at dei stig relativt bratt heile vegen. Den mest brukte stigen startar ved Lundenesvegen. Stigen er mykje brukt og lett å følgja oppover i lia. Det er også muleg å gå opp skogsvegen frå Kåta til du møter stigen frå Lunde. Det tredje alternativet er frå Vaka og den nye skogsvegen til Vakadalen. Stigen mot Kåtanuten frå denne kanten er mindre brukt og er til dels vanskeleg å finna. Ein ting er likevel sikkert, skal du koma til Kåtanuten, må du gå oppover! Viss det er første gongen du skal til nuten, er stigen frå Lunde det beste alternativet. Då tar du av frå E134 i Ølensvåg og kjører mot Bjoa om lag 2,5 km til Lunde. I krysset til Lundeneset går det ein gardsveg til venstre opp til eit veksthus, og stigen til Kåtanuten startar på baksida/nordsida av dette veksthuset mellom veksthuset og eit reiskapshus. Her er det plass til å parkera nokre bilar utan at ein blokkerer trafikken for andre. Stien startar i frodig, tett lauvskog og som ber preg av at området har vore lite beita dei siste åra. Lengre oppe i lia går stigen gjennom eit granplantefelt. Heile vegen er skogen så tett at litt av den fine utsikta som ein hadde for om lag 20 år sidan og tidlegare, så å seia er borte. Først når ein når Skaret kan ein nyta bygda og fjorden i fugleperspektiv. Samtidig vil ein få ein glimt av Vakadalen og fjellet nordover på Bjoahalvøya. I Skaret er ein om lag halvvegs og viss ein ikkje har hatt kvilepausar før, bør ein unna seg ein stopp her og nyta utsikta. Frå Skaret går stigen litt austover og rett mot nuten. Det er stort sett slutt på den høge vegetasjonen nå, berre brake og småbjørk att. Turen frå havnivå til nuten gir på mange måtar ei oppleving av vegetasjonen i bygda, korleis den skiftar etter som ein kjem oppover i lia. På nuten er det «snaufjell», sjølv om ein knappast er over tregrensa. På nuten får ein valuta for strevet med ei nydeleg utsikt til Ølenssjøen, Skånevikstrondo, Fjellberg, Kvinnherad, Halsnøy og Sunnhordlandsbassenget elles. I tillegg ser ein langt innover «fjellheimen» i alle retningar. Turen til Kåtanuten er eigentleg ein fin tur for heile familien, men det er viktig at dei med dårlegast kondisjon får styra tempoet. Dersom ein startar for fort i den bratte lia, kan turen bli i hardaste laget med mykje mjølkesyre i beina og med påfølgjande gangsperr dagen etterpå. Turen tar knapt ein time for dei sprekaste. For dei som har evne til å nyta turen heile vegen og ikkje berre konsentrerer seg om å koma seg fortast muleg til topps, tar turen bortimot to timar.

Reisetid: Haugesund – Lunde: 50 min.

Parkering: Gratis ved Lundeneskrysset.

Kart: Norge 1:50 000 1214 III Ølen fra Statens kartverk