star
star
star
star
star

Kaldavatnet rundt

Start frå parkeringsplass ved Røgle. (bomveg) Frå Røgle er det bratt stigning opp Valheimsskaret og inn til Valheimsstølen. Herfrå har du utsikt over Årdal og Ryfylkefjordane. Stien går vidare...
Foto: Eldfinn

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 664983
Følg RV13 til Årdal. Følg deretter skilting til Eventyrskogen. Passer Eventyrskogen og kjør på sørsida av elva heilt til toppen av Bønardalen. (Bomveg)
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
8.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start frå parkeringsplass ved Røgle. (bomveg) Frå Røgle er det bratt stigning opp Valheimsskaret og inn til Valheimsstølen. Herfrå har du utsikt over Årdal og Ryfylkefjordane. Stien går vidare forbi Stortjødneholene (her låg ein gong ei stor tjønn, men munningen rasa ut mot Bønardalen og tjønna tømdes) langs foten av Tofjell og inn til Lomslidtjødnane. I lia på nordsida av Lomslidtjødnane ser du to lange smale steinar som står oppreist mot kvarandre. Her skjedde det ei ulykke tidleg på 1900 talet. Ein mann kom i klem mellom to steinar og døydde her. Stien går vidare inn Lurdalen og over Huldremyrane, kryssar Tverrmundsdalen, som alltid er tung og våt. Derfrå opp på Faksafjedlet som er høgaste punkt på turen,så ned Faksadalen til Kaldavatnet, rundt dette og langs oppgått sti tilbake til Røgle.