star
star
star
star
star

Kalberg

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, kor det er mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsånå, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der...

Praktisk info

Enjoy-kode: 238479
Flere muligheter, men vi har valgt å starte ved Smiå
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Varighet
40 minutter
Lengde
4.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, kor det er mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsånå, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der det vart lagt opp til fabrikkmessig drift. I dag er den opphavelege smia eit museum.

Frå Smiå går turen til Stemmen. Her vart det i 1895 bygd ein demning med kanalar som fungerte som energimagasin for Kvernelands fabrikk. Turen går vidare forbi nye Kvernaland omsorgssenter og på gong- og sykkelvegar i byggjefelt før ein kjem til Kalbergskogen som vart etablert i 1874 på initiativ frå O.G.Kverneland. I dag er det Jæren skoglag som eig Kalbergskogen. Turen i skogen går på skogsvegar.

Ute av skogen kryssar ein Skogsvegen og tek Elvebakken ned mot Theodor Dahls veg. På veg tilbake til Smiå går ein forbi Kvernaland sentrum med butikkar og ein flott aktivitetspark med treningsapparat, skatepark, sandvolleyballbane og leikeplass.