star
star
star
star
star

Juskevika

Turen går langs skogsveg frå gravplassen i Foldrøydalen. Det er sti det siste stykket fram til Tangane. Eit underleg gardsnamn som ingen har greidd å finna ei fullgod forklaring på. Det har vore...

Praktisk info

Enjoy-kode: 748633
Skogsveg frå gravplassen i Foldrøydalen.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen går langs skogsveg frå gravplassen i Foldrøydalen. Det er sti det siste stykket fram til Tangane. Eit underleg gardsnamn som ingen har greidd å finna ei fullgod forklaring på. Det har vore gissa på at namnet kjem av Jydskevik etter ein jyde (danske) som har vore her med skipet sitt, men ei slik forklaring verkar litt konstruert. Namnet har alltid vore skrive Juskevik eller Juskevikjo så lenge det har vore skriftlege kjelder. Garden er ikkje gammal og blei først oppteken som eigen gard i 1890, men det har budd folk her før det. Den første ein veit med visse som budde her var Anders Nilsson Stokkan som var fødd i Fitjar i 1745. Men den som har laga alle dei fine steinmurane i Juskevikjo var ein svenske som kom hit og gifta seg med Gunnhild Oline frå Juskevik. Han var steinarbeidar og har mura mangt og mykje på Bømlo. Han fekk ein trist ende ved at han slo seg i hel i steinberget i Steganeset. «Omkom ved at en Sten knuste hans Ben fra Laaret af». Plassen er liten så det kan ikkje ha vore mykje å leva av her. Matrikkelen seier at det har vore fostra 4 kyr på det meste. Dei har nok vore både småe og magre. Skog fanst ikkje på garden, så dei har nok måtta greia seg med torv og rakved. Johannes Sortland fortalde at svigermor hans vaks opp på Osparøya. Dei gjekk på skule i Foldrøy og rodde inn til Juskevik og hadde båtlending der. Kjelde: Gutta På Tur